Blådalslia Lodge
Blådalslia Lodge ligg på snøsikre Strandafjellet aust i Sunnmørsalpane. Strandafjellet Skisenter kan skilte med 7 heisar(derav 2 stolheisar og gondolbane), skiband, barnepark, terrengpark, 21 nedfartar, 23,5 km preparerte løyper og kanskje Skandinavia sitt beste frikøyringsområde. Eit stort produksjonsanlegg sikrar ein tidleg sesongstart! Like ved gondolen kan du også benytte deg av skøytebana som er døgnopen.
Strandafjellet ligg kun halvannan time frå flyplassen i Ålesund, Vigra og er lett tilgjengeleg frå resten av landet og Europa, men også utanfor Europa med flyforbindelse til Oslo, Gardermoen.
Med utgongspunkt frå Strandafjellet er det uendeleg med muligheiter for utflukter, fjellturar og båtturar. Ein kort spasertur frå hytta ligg heilårsrestauranten Stova 1957 med koseleg atmosfære og afterski i høgsesongen.
Interessa for skisenteret er aukande både lokalt , nasjonalt og internasjonalt. Strandafjellet er i stadig utvikling og her planleggast det klatrepark og frisbeegolf som gjer destinasjonen attraktiv også på vår- og sommerhalvåret.
Denne eksklusive og påkosta storhytta i stavlaft ligg på Roalden på Strandafjellet med ski in-, ski out-beliggenheit. Hytta har eit bruttoareal på 409m2 fordelt på 3 etasjar. Den har sju soverom i tillegg til innebygde sengeplasser/daybeds i loftsstova, så her er det rom for mange gjester.
Hytta har bl.a spesialbygde innredningar og møblar Feel Free Production, møblar frå Slettvoll og By Bjørkheim, Tom Dixon-lampar, og ein eksklusiv eikeparkett på golv.
På det største badet i hovudetasjen finn du saunaen med appstyrt badstu/dampovn, samt utgong til eit romsleg motstraumsbasseng med hev-/senktak.
Hytta er levert med eit smarthussystem som gjer at ein kan styre alle lys individuelt, lage scener, styre temperatur, styre port, samt dørlåsar. Totalt i hytta er det 27 høgtalerar(16 stk integrert i tak) med individuell styring av soner.
Pris 32 000 000kr
BRA 409m2
Soverom 7
Soveplasser 25
Bad m/dusj 5
Antall etasjer 3
Første etasje
Frå inngongen i hovedetasjen kjem du inn i ein romsleg entré med flislagt golv og spesialbygd garderobeløysing i fiskebeinsmønster og hyller frå Feel Free Production.
Ved sofagruppa i stova er det takhøgde opp til 3.etg og panoramautsikt over skibakken. Stova er innreia med eksklusive lampar frå Tom Dixon, polstra møblar frå Slettvoll, bord frå By Bjørkheim og ein 120 cm brei peis levert av Brunner.
Kjøkken er spesialteikna til hytta av Feel Free Production og er innreia med to oppvaskmaskiner og to kjøleskap frå Siemens. Den opne kjøkken- og spisestoveløysinga er perfekt for sosiale og hyggelege måltid. Spisebordet med plass til 12 personar er spesiallaga lokalt av Feel Free Production. Tilhøyrande stolar er levert av Slettvoll.
I hovedetasjen ligg eit Master Bedroom med eige bad m/dusj, spesiallaga garderobeskap og tv.
Her finn du også det største badet med sauna og utgong til motstraumsbasseng med hev/senk-tak. Begge med utsikt til skibakken!
Andre etasje
Loungen i 2.etg har ein god atmosfære og er den perfekte plassen for å ta ein pust i bakken. Med glasrekkverk og open løysing ned til stova i 1.etg kan ein nyte synet av dei lekre lampane frå Tom Dixon. I dette rommet er det også laga ei enkel og delikat kontorsone.
I tv-stova i denne etasjen er det innebygd 4 store daybeds/sengar med stofftrekte skilleveggar og innfelte nisjar med lademuligheiter og leselys. Med sofa, saccosekkar og tv er dette plassen for den perfekte filmkvelden. Gjennom store vindu mot aust ser ein rett i skibakken ved gondolen.
I denne etasjen ligg også tre soverom med spesialbygde sengar og innredningar med unike detaljar, samt eit bad m/dusj.
Kjeller
I kjellaren er hytta innreia med vinrom/biljardrom med bar, elektronisk dartskive og biljardbord frå Brunswick. Baren er bygd i eikefinert MDF og metalllaminat i messing, og har isbitmaskin og kjøleskap. Sittegruppa mot vest består av ein spesiallaga vegghengt sittebenk trekt med tekstil og innfelt ledstripe i toppen, mot ein bakvegg i steinfiner, samt barbord og barstolar. Langs veggane er det innebygd dekorativ vinoppbevaring.
I denne etasjen er det tre soverom med spesialbygde sengar frå Feel Free og totalt sengeplass til 9 personar.
Kjellaretasjen har også eit stort vaskerom med inngong frå garasje og frå opphaldsrom. Vaskerommet er utstyrt med vaskemaskin og kombi vask/tørk frå Samsung, spesiallaga skap for tørking og oppheng i tak for tørking av kle. På vaskerommet er det også ei eiga baderomssone med toalett og dusjnisje.
Med inngong frå garasjen kjem du inn i smøreboda med god plass til oppbevaring av utstyr, eit must for skientusiastar.
Ute
Uteområdet har 400kvm asfaltert tun til inngongsdør og i oppkjørsel til garasje. Murar langs innkjørslar er lagt stein for stein med naturstein. På uteterassen over garasje , samt ved inngongsparti er det lagt skiferflis. Glasrekkverk rammar inn terrassen rundt hytta. Terrassen er møblert med langbord, krakkar og bålpanne. Her kan du mot aust nyte utsikta mot skibakken som ligg rett ved.
Kontaktpersonar
-
Håvard Maurset
Dagleg leiar/prosjektleiar
-
Rune Solheim
Bustadsrådgjevar
-
Stig Tisthamar
Prosjekt- og byggeleiar
-
Therese Lunde Solberg
Administrasjonsansvarleg