Eksklusive fritidsbustader i vakre omgjevnader

Nordfjord Laft leverer høgstandard nøkkelferdige hytter i laft og stavlaft frå LHM, skreddarsydd etter ditt behov.

Vi som jobbar i Nordfjord Laft har mange års erfaring med nybygg, og vi lovar å være din trygge følgesvenn heile veien; frå første møte til nøkkelferdig hytte. For at du skal bli fornøgd er det avgjerande å finne ein hyttemodell med planløysingar som passar for deg. Dette hjelper vi deg gjerne med! Alle hyttene til Nordfjord Laft kan sjølvsagt skreddarsyast etter dine ønskjer og behov, og tilpassast di tomt.

 

Blådalslia Lodge, Strandafjellet

HYTTE TIL SALGS

 

Sjå bildegalleri av tidlegare hytteprosjekt

 

Hytte: Strandafjellet

Denne storhytta i stavlaft ligg på Roalden på Strandafjellet med ski in-, ski out-beliggenheit. Hytta har eit bruttoareal på 264m2. På tunet er det bygd garasje som er tilpassa tomt og terreng. Hytta er ein kundetilpassa LHM-modell nr 9, med nokon endringar på planløysinga. Den har fem soverom i tillegg til fire innebygde sengeplasser i loftsova, så her er det rom for mange gjester.

Hytta har innredningar fra HTH, møblar fra Slettvoll, lamper fra Tom Dixon og trapp fra Møre trapp.

 

“Som eier av Mostein Gruppen AS i Ålesund er jeg som utbygger selv svært krevende i bygg utførelse og oppfølging i en byggeprosess.

Håvard Maurset har vært byggeleder for vårt prosjekt på Strandafjellet,  og vi er svært fornøyde med hans oppfølging. Resultatet har blitt utrolig bra. Finish på trearbeid, flisarbeid og tømmerdelen er veldig fint utført.

Vi har bygget en familiehytte for 16 familiemedlemmer. Dette er noe vi alle gleder oss til å benytte, og sluttresultatet er som dere ser fantastisk.”

- Steinar Lausund

Hytte: Stordalen

I Fokhauglia på Overøye i Stordal, finn du denne storhytta på 260kvm + 30 kvm utestove. Hytta har 6 soverom, 3 bad og 1 wc. Skia har fått si eiga bod og bilen ein romsleg garasjekjellar. I underetasjen er det eit vinrom og rikeleg med lagringsplass.

Kjellarmur er bygd på råkopp og platting utvendig av naturskifer. Ved sida av hytta står eit frittståande anneks med utestove. Golva er av eksklusiv 30cm brei eikeparkett. Steinvaskane fra By Bjørkheim er laga av naturleg elvestein fra Bali. Kjøkken og møblar er frå LHM Interiør.

 

Hytte: Hafjell

Denne eksklusive hytta ligg 840moh, sentralt på Mosetertoppen på Hafjell. Hytta er perfekt for skientusiastar med ski-in, ski-out mulegheiter både på alpint og langrenn. I hytta finn du også eit stort skirom. Storhytta som måler 337kvm har 8 soverom, 4 bad og 2 wc. Eit av soveromma er eit Master bedroom med eige bad. Det er sengeplass til 27 personar og garasjeplass til 2 stk bilar, så her kan man ha mange gjester.

Kveldane kan nytast i jacuzzien, med eit slag biljard eller i badstua med panoramautsikt mot Skeikampen. Golva med vannbåren varme er av eikeparkett og eksklusive Castle Stone-flisar. Kjøkken, sengar og baderomsmøblar er frå LHM Interiør og steinvaskane frå By Bjørkheim. Favorittmusikken nytast med 19 innebygde høgtalarar innvendig og 2 utvendig.

 

Kontaktpersonar